Prosjekt Gamleskulen

Mauseidvåg Vel eig Gamleskulen og kallar den for Gamleskulen kulturhus.

 

Denne flotte eigedomen vil gje bygdefolket ein god og uformell møteplass.

 

Vi ynskjer å stelle til uteområdet, slik at alle som går forbi får lyst til å setje seg ned å nyte plassen.

På området ynskjer vi å lage til benkar, bord og leikeområde. Vi vil då sikre området med gjerde, slik at det vert ein trygg plass å leike for småborn.

 

Bakrommet på "Uthuset" ynskjer vi å innreie til ei varmestove/bruksrom. Dette kan verte viktige møteplassar til døme for småbarnsforeldre på trilletur, pensjonistar på tur rundt Mauseidvatnet m.fl. Alle som treng ein tørr og varm sitjeplass, vil da kunne få "nøkkel-kode" og tillgang på bruksrom, toalett og kjøkken.

 

Sjølve skulebyggjet  leiger vi ut til noverande kunst og handverk utøverane.

Det ubrukte klasserommet kan brukast  til lokale samlingar av ymse slag.

 

Slik Gamleskulen framstår i dag, vil dette koste Mauseidvåg Vel; det vil seie bygdefolket, mykje dugnad og økonomisk støtte. 

 

Om du vil støtte oss i dette prosjektet, alt frå koking av kaffe, sende ein spiker, sage ei fjøl, bruke hammer og spade - send ein mail til:

 

adm@mauseidvaag.no

eller

ring Per Idar Vadset på telefon 90 79 80 00

 

 

 

MAUSEIDVÅG


mauseidvåg.no

Bileta er lånt fra lokale fotografer i bygda: Odd Arne Maaseide, Marianne M.Nygård. Det er ikkje lov å kopiere fotoa.