Mauseidvåg Vel



Mauseidvåg Vel - Årsmøte 2020

  

 

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2019

Obs: Oppdatert innkalling grunna utsett årsmøte.

 

Styret i Mauseidvåg Vel (MV) inviterer med dette til årsmøte torsdag 23. April frå kl. 18.00. Dette året må vi diverre gjennomføre årsmøtet elektronisk grunna omsynet til smittevern. I praksis gjer vi det slik at sakliste, styret si tilråding til årsmøtet og informasjon knytt til dei aktuelle årsmøtesakene vert gjort tilgjengeleg for medlemmene på Facebooksida til Mauseidvåg Vel. I tillegg vert dokumenta, samt informasjon for innbetaling av medlemskap, distribuerte i postkassene i bygda. Medlemmene blir gitt høve til å kome med innspel til årsmøtesakene (eller om ein har forslag til punkt 7 på saklista) på Mauseidvåg Vel si Facebookside, mail mauseidvag.vel@gmail.com , eller ved direkte kontakt med medlemmene i styret. Styremedlemmer vil ta imot og svare fortløpande på eventuelle innspel/forslag som kjem før torsdag 23. April kl 18.00, då årsmøtet vert gjennomført.

 

Aktuelle saksdokument og styret si anbefaling til årsmøtet er vedlagt.

 

Sakliste:

 

  1. Godkjenning av innkalling.
  2. Godkjenning av rekneskap og årsmelding.
  3. Orientering om status på prosjekta knytt til Gamleskulen og Mausa aktivitetspark (vedlegg 3a og 3b).
  4. Orientering om saka som gjeld kjøp av tilleggsgrunn (vedlegg 4).
  5. Samtlege styremedlemmer som står på val ynskjer å fortsette.

Styret tilrår at årsmøtet godkjenner framlegget frå styret slik det vert presentert under.

Rekneskap 2019:

 

 

Årsmelding 2019

 

Styret i Mauseidvåg Velforening ynskjer alle medlemmer velkomne til deltaking i samband med årsmøtet. I 2019 har styret hatt følgande samansetning:

 

Leiar: Per-Idar Vasset

Nestleiar: Oddrun Måseide

Styremedlemmer: Jens Kåre Nygård, Kristian Ness, Jarle Rovde

Kasserer: Lene Sætre

Sekretær: Maria Hoff

Varamedlemmer: Ingunn Vasset, Hans Langvatn

 

Mauseidvåg Vel overtok Gamleskulen på Eikrem hausten 2018, og opprustinga av gamleskulen starta med det same. Også i 2019 har velforeninga sitt arbeid vore knytt til det som no heiter Gamleskulen Kulturhus, og vi ser at det gamle skulehuset allereide har blitt ein hyggeleg samlingsplass for bygdefolk og besøkande. Og betre skal det bli! Også åra som kjem vil velforeninga halde fram med sitt arbeid for at Gamleskulen skal være ein arena for kulturelle aktivitetar i vidaste forstand.

 

Dugnadsarbeid har pågått gjennom heile fjordåret, og mellom anna har ulike arrangement og aktivitetar funne si form og sin plass på Gamleskulen Kulturhus. Frå hausten 2019 har det vore arrangert strikkekafé om lag ein gong i månaden. Dette har blitt ein kreativ møteplass, der det også blir servert kaffi og te med noko attåt. Kvar gong er det loddsalg til inntekt for velforeninga, etter god gammal oppskrift. Alle er velkomne også her, med eller utan handarbeidJ

 

Søndagskaféen har også vore eit fast innslag første søndag i månaden, og kaféen har åpningstid frå kl 13-17. Ymse slag bakverk, vaflar og drikke har fått bein å gå på, og mange opplever dette som eit hyggeleg stopp etter ein søndagstur i området. Store og små har vore innom, spreidd godt humør og delt gode samtaler og historier.

 

Tradisjonen tru vart det også i 2019 storslått jonsokfeiring ved Gamleskulen i nydeleg sommarvér, med fantetog og korps, bålbrenning, kafé og tombola. Det vart laga 70 skattekart og alt vart utselt, noko som viser god deltaking og mykje aktivitet denne jonsokkvelden. Velforeninga har fått det store kafételtet i gåve frå Mauseidvåg Bedehusforening, og dette gjer oss også godt rusta om det skulle bli dårleg vér eit år.

 

I samarbeid med Camilla Sunde og Barnekreftforeninga var Mauseidvåg Vel medarrangør av «Løp for meg» til inntekt for barn og familiar som lever med kreftsjukdom. Inntektene frå kaféen gjekk denne septemberdagen uavkorta til Barnekreftforeninga. Det vart ein strålande fin dag, og dette er eit samarbeid vi gjerne vil vidareføre i åra som kjem.

 

Kvitveisdagen er eit arrangement i samband med Suladagane, og Mauseidvåg Vel stelte i stand familiedag med natursti og rebusløp denne dagen. Det var nydeleg vér og åpen kafé på Gamleskulen, og dette vart også kjekke opplevingar for både små og store!

 

Dugnaden i 2019 har elles først og fremst vore knytt til opprusting av skulen og uthuset. Sjå vedlegg 3a for meir om dette.

 

Mauseidvåg Vel vil nytte høvet til å takke for økonomisk støtte frå det lokale næringslivet, til dømes Trippel9 (Vedde) og Vasset Industri. Sparebanken Møre har vore hovedsponsor for Mausa aktivitetspark, og grunneigar har stilt grunn fritt til rådvelde.

 

I 2019 vart det lyst ut ein konkurranse om å utarbeide ny logo til velforeninga. Vinnarane vart Agnete Rønning Måseidvåg og Monica Blom-Welle Eikrem. Vi er svært takknemlege og glade for den flotte logoen vi no kan smykke oss med!

VEDLEGG 3a:

STATUS SKULEHUSET: Skulestova er mykje brukt, mellom anna til regelmessige strikkekaféar og søndagskaféar. Varmepumpene i huset sørger for god oppvarming og dermed auka bruksverdi, og huset har godt av denne varmesirkulasjonen. Vi har fjerna den gamle eføyen som grodde inn gjennom veggane og trua med å overta det over 100 år gamle skulehuset. Vidare har vi malt nedsida av skulehuset utvendig og reparert vinduslister. Skuleplassen vart planert og grusa til jonsok. På oppsida av inngangspartiet kjem det vatn frå grunnen, og dette må drenerast vekk. Dette er eit stort arbeid, som også omfattar reparasjon av heile inngangsparti i skulebygget. Dette må vi ta tak i så snart uthuset er ferdig. Viser også til sak nr 4, vedr. grunnkjøp.

 

Vidare arbeid: Det skal leggast tett golvbelegg i det andre rommet i første etg. Dette må gjerast snarast råd og i alle fall før haust/vinter 2020, elles står vi i fare for å miste viktige leigeinntekter. På litt lengre sikt må vindauga i skulestova skiftast.

 

STATUS UTHUSET: Dugnadsinnsatsen var svært god sommaren 2019. Då vart det isolert og lagt ny bordkledning både utvendig og innvendig. Seinare på hausten var det nokre ildsjeler som malte tak og vegger innvendig, og nokre andre ildsjeler stod for legging av varmekabler og støyping av golv. Vindauga er no sett fint i stand, og treng berre eit strøk eller to med utvendig maling til sommaren, når det blir tørt. Varmtvannstanken er flytta til toalettet, og det er etablert nytt avløp for oppvaskmaskin samt tilførsel av varmt og kaldt vatn. Dette er ein innsats som også har krevd mange arbeidstimar.

Golvbelegget vart lagt i vår, og byggteknisk er uthuset no tilnærma ferdig.

 

Vidare arbeid: Montering av kjøkken pågår (brukt kjøkken er innkjøpt, inkl kjøl/frys, steiketopp, vifte, oppvaskmaskin) samt interiørdetaljar/innreiing (mellom anna puter til sittebenk, garderobeløysing, bord, stolar, hyller). Vi treng elles diverse kjøkkenutstyr etter kvart, til dømes kaffikoppar/service, bestikk, gryter osv. Det må leggast opp ny strømkurs i uthuset, 25 amp til komfyr og steiketopp før dette utstyret kan takast i bruk. Dette må gjerast i samband med drenering og reparasjon av skulehuset.

 

Ei arbeidsgruppe i Mauseidvåg Vel har stått for planlegging og etablering av Mausa aktivitetsspark på Jakopneset. Første byggetrinn er no ferdig og aktivitetsparken vart teken i bruk hausten 2019.

Vedlegg 3b: Orientering ang. Mausa aktivietspark til Årsmøte 2020. 

Parken er opparbeidd så langt det rakk med gåver og dugnad i 2019. Den har vore hyppig i bruk av lokalbefolkning og tilreisande. Det er søkt om spelemidlar til dekke/ underlag og vidare utbygging. Forventer svar på søknad i løpet av 2020.

Vedlegg 4: KJØP AV TILLEGGSGRUNN


Det er oppnådd semje med grunneigar om kjøp av tilleggsjord for kr 10000. Avtalen inneber at MV får kjøpe om lag 1 m på oppsida av uthuset i rett linje mot sørvest (parallellt med oppsida av uthuset). Dette gir oss mellom anna høve til å sikre natursteinsmuren som er i ferd med å gli ut på oppsida/sørvestsida av skuleplassen, utføre vedlikehald utvendig på uthuset. MV må dekke kostandene med oppmåling og utskilling tilsvarande kr 20000, slik at dei totale kostandene vil kome på om lag 30000. Når leikeplassen/uteområdet rundt gamleskulen er ferdig ein gong i framtida skal dette området også kunne nyttast i samband med leikeplassen som blir etablert av eventuelle utbyggarar på Urkegarden. Dette ser vi som positivt når det gjeld bruk av Gamleskulen Kulturhus.

 

Sak 5:

Styret anbefaler at medlemskontigenten vert uendra i 2020: kr 200 for familiemedlemskap. For å kunne gjere dei nødvendige investeringane og nå dei måla vi har sett oss treng vi mange medlemmer og all den støtte vi kan få, både praktisk og økonomisk! Medlemskap kostar kr 200 for ei familie (samtlege personar i husstanden over 16 år førast opp som medlemmer), og kan betalast på bankkonto nr:  3900 35 22311

snarast råd.

 

Sak 6: Styret anbefaler attval, då alle medlemmer som står på val ynskjer å fortsette i styret.

 








MAUSEIDVÅG


mauseidvåg.no

Bileta er lånt fra lokale fotografer i bygda: Odd Arne Maaseide, Marianne M.Nygård. Det er ikkje lov å kopiere fotoa.