Mauseidvåg Vel

MAUSEIDVÅG


mauseidvåg.no

Mauseidvåg Vel arbeider for å forbetre buglede og samhold i bygda.

Historisk tilbakeblikk:


Mauseidvåg Vel vart stifta 29.03.1993,

i forbinding med at Vågstunet skulle byggjast. Velforeininga vart ein samleorganisajon for fleire lag og grupper i bygda . Det vart oppstart av Vår- og Haustmarknader i Mauseidvåg. Inntektene gjekk til Vågstunet. Deretter gjekk innbyggjerane saman og utførte dugnad til Vågstunet stod ferdigstilt. I ettertid har også Velforeininga klart å samle nok pengar til å kjøpe tomta til Mauseidvåg Bedehus. Velforeininga har også gitt gåver og utstyr til: Biblioteket på Indre Sula,  Måseide Skule og til FAU vart det kjøpt inn bord og stolar for uteaktivitetar.

I høve til 100-årsjubileet ved Gamleskulen i Mauseidvåg, stod Velforeininga for innredningsarbeidet og ferdigstilling av toalettet og kjøkkenet i "Uthuset".


Mauseidvåg Vel gav pengegåve til Allheim, då dei trengde ny golvlakk.


Velforeininga har samarbeidd med Mauseidvåg Bedhusforeining, og laga bygdamiddager for innbyggjerane.


Dette er nokre av prosjekta Mauseidvåg Vel har vore aktiv og delaktiv i.


Velforeininga eig 50% av Stiftinga Vågstunet saman med Sula Kommune, som også eig 50%.

Bileta er lånt fra lokale fotografer i bygda: Odd Arne Maaseide, Marianne M.Nygård. Det er ikkje lov å kopiere fotoa.